“All the Not-News That’s Unfit to Print, but too Important to Forget” 

Thursday 6 October 2022

Korleis legge telemetri over GoPro video

Om ein driv med ein aktivitet som gjer at ein kjenner at det er verdt å ta med seg eit såkalla action-kamera for å dokumentere så er det god sjanse for at du kan ha bruk for informasjonen i denne artikkelen for å gjere videoen din enda meir interessant for ditt publikum, dette kan vere om du flyg drone, står på ski ned bratte fjellsider, surfar, you name it. I korte trekk så forklarar artikkelen deg korleis du kan ta telemetridata frå aktiviteten og kombinere dei med videoen som eit overlegg som viser vitale data gjennom aktiviteten. Dette kan vere høgde, fart, kurs, rute, puls eller kva som helst av data som vert logga undervegs. 
Min aktivitet er paragliding og telemetrien vert logga via eit såkalla variometer som  mellom anna gir meg dataene som er overlagt videoen over. Eg har laga meg eit overlegg som viser (frå venstre mot høgre) spor, bakkefart, stig/synk, flogen distanse, glidetal og høgde over havet.
Slik går du fram:
  • Ein PC med Windows 10
  • Ein video av ein aktivitet helst filma i 1080p med 60 fps
  • Telemetridata frå aktiviteten som IGC fil (kan også nytte andre format som t.d. GPX men då må det konverterast til IGC først)
  • Programvare for å redigere video (eg nyttar Adobe Premiere Pro men bruk det du er komfortabel med)
  • Programmet DashWare installert (last ned her)
  • Python installert og konfigurert på PC’en (last ned her)
  • Python skriptet IGC2CSV nedlasta og konfigurert på PC’en (last ned her)

DashWare vart kjøpt opp av GoPro for ei god stund tilbake, sikkert med gode intensjonar om å integrere teknologien i sine produkt, men enn så lenge så har dette ikkje skjedd. Heldigvis så har den opprinnelege utviklaren latt nettsidene og den siste builden ligge gratis tilgjengelig på www.dashware.net. Gå til Download, huk av dei tre hakene og klikk på DOWNLOAD NOW knappen for å laste ned programvaren. Installèr programmet utan å gjere nokre endringar.

Python er eit programmeringsspråk som ein normalt ikkje treng på PC’en sin for normal bruk, grunnen til at vi likevel installerer det her er for at det krevst for å køyre skriptet som skal konvertere dataene i IGC fila til eit format som DashWare forstår; nemleg CSV (kommaseparert). Som ein gledeleg bieffekt kan ein også nytte CSV fila i feks. Excel eller andre applikasjonar for vidare dataanalyse om ein lenar den litt nerdete vegen.

  1. Last ned versjon 2.7.6 for Windows via denne lenkja
  2. Dobbelklikk på den nedlasta fila og køyr installasjonen ferdig med alle val som foreslått av installasjonsprogrammet.
  3.  Legg til C:\Python27 i datamaskina sin PATH ved å trykke Start -> Skriv “View Advanced System Settings” og trykk Enter for å få opp biletet til venstre under og følg rekkefølga som vist. Når alt er lagt inn trykker du OK heile vegen ut igjen.

Dette er kanskje den mest kompliserte installasjonen, ihvertfall om ein ikkje er van med å arbeide med ZIP filer. Om ein følger instruksjonane er det likevel fort gjort, og etterpå kjenner ein seg som litt av ein hacker 🙂

    1. Last ned IGC2CSV frå denne nettsida: https://github.com/OverloadUT/IGC2CSV ved å følge punkta i skjermbildet under (noter deg namnet på ZIP fila og kor den vert lagra)


    2.  Åpne og pakk ut fila ved å klikke på den og pakk den ut som vist under:


    3. Kopier IGC2CSV.xml fila frå den utpakka mappa og inn i dataprofilmappa for DashWare som vist under:


    4. Test Python og IGC2CSV ved å opne eit Command Prompt vindu (trykk start  og skriv CMD etterfulgt av enter) og skriv inn alle kommandoane etterfulgt av enter som vist i skjermbiletet under:


    5. Gi deg sjølv eit klapp på skuldra, du er no klar til å byrje den kreative prosessen med å redigere video og legge til telemetrioverlegget.
  1. Å lage eit telemetrioppsett som passar for sin estetiske sans og aktivitet er ein veldig individuell prosess som kan ta tid, i DashWare så har ein veldig mange ferdiglaga instrument (Gauges) som ein kan nytte som dei er, eller som utgangspunkt for sine eigne kreasjonar. For å gi dykk eit kjapt utgangspunkt har eg lagra mitt oppsett frå videoen over som dykk kan bruke som utgangspunkt. Last ned malen ved å klikke på denne lenkja og pakk ut ZIP fila til plasseringa under:

Neste naturlege steg no er å konvertere IGC fila til CSV slik at den kan brukast med DashWare:

  1. Start med å kopiere IGC fila til mappa C:\IGC2CSV, gi den eit kort namn, til dømes flightnummer.igc (i mitt døme 218.IGC)
  2. Køyr i gang ein ny Command Prompt (Start -> CMD -> Enter) og legg inn kommandoane som vist under for å konvertere fila til CSV format. (alle kommandoar etterfulgt av Enter)
  3. Sjekk at du har fått ei ny fil i C:\IGC2CSV som heiter 218.csv

Så har tida kome for å starte DashWare ved å dobbelklikke på ikonet på skrivebordet.

  1.  Trykk så på File -> New Project og skriv inn prosjektnamnet ditt, velg Paragliding 1080p som Project Template (mal) som vist under. Trykk deretter OK


  2.  Legg no til filer i DashWare som vist under. Det er ikkje viktig kva videofil du vel her, den skal ikkje brukast anna enn til å la programmet gå vidare, eg har ei greenscreen fil eg nyttar som standard men som sagt, bruk ei fil du har liggande. Men det er viktig at du velger den rette CSV fila som du akkurat har oppretta i C:\IGC2CSV mappa di.

    Sjå også at programmet automatisk velger dataprofilen IGC2CSV fordi at du kopierte den inn i DashWare mappa i eit tidlegare steg.

  3.  Når du no trykker Add så vil du få opp reelle data frå aktiviteten din i overlegget. Neste steg no er å klikke på Synchronization fana oppe til høgre i programmet og så skal vi “trimme” sporloggen slik at vi kun får med skjermbildeoverlegg frå den faktiske aktiviteten og ikkje noko dødtid før eller etter. (meir detaljar under biletet)

    Den aktuelle loggen min her varte i ca. 5 minutt og 24 sekund. For å finne ut dette og trimme loggen så bruker du den runde slideren (1) og dreg den fram og tilbake medan du observerer i sporvindauget den raude ballen som går langs sporloggen kva tid dataene byrjar og sluttar å endre seg. Deretter justerer du dei to trekantane (2) slik at starttrekanten er akkurat der ballen byrjar å bevege seg langs sporet og sluttrekanten markerer når ballen er på slutten av sporet. Huk deretter av for Sync with Video (3)

  4.  No er du klar til å sette programmet i gang med å produsere overleggsfilene. Trykk File -> Create Gauge Image Sequence (eller Ctrl+Alt+C), vel deg ei mappe du vil lagre filene i, Frame Rate (fps) = 59,94 og trykk til slutt Create for å starte å generere filene. 

    Der er mange filer som skal lagast, denne sekvensen tek på mi maskin ca. 15 minutt og genererer ca. 20000 overleggsfiler. Men det er no greit å starte på videoredigeringssekvensen og klippe saman øvrig filmmateriale, eventuell musikk og andre effektar medan DashWare arbeider i bakgrunnen.

Då har tida kome for å samanstille videoen og legge over telemetrien. Eg nyttar som nemnt tidlegare Adobe Premiere Pro, men her kan dykk sjølv velge å bruke det videoredigeringsprogrammet dykk har og er kjent med. Handlingane skal vere dei samme uavhengig av program, men sjølvsagt vil menyane og vala vere annaleis enn dei er i mine skjermbilete. Det er berre å prøve seg fram til det funkar. I dette avsnittet har eg juksa litt som Ingrid brukte å gjere og har laga ferdig hovudvideosporet, overgangane og lyden slik at det er berre sjølve overleggsfilene som gjenstår.

  1.  Importere overleggsfilene som videosekvens.


  2.  Velg første fila i sekvensen, då vert Image Sequence valet huka av, trykk deretter på Open


  3.  Adobe Premiere importerer med standard framerate=25 fps, denne må vi endre til 59,94 ellers så vil ikkje telemetri stemme med video.


  4. Vel Modify -> Timecode


  5.  Vel Assume this frame rate og legg inn 59,94 og trykk OK for å lagre


  6. Siste steget no er berre å drage overleggsekvensen inn på tidslinja på ein annan videokanal (V2) enn hovedvideoen (V1) og finjustere plasseringa slik at oppstarten av telemetrien passer med videoen. Straks du er happy er det berre å eksportere det ferdige resultatet og laste det opp til Vimeo/Youtube eller ein annan videopubliseringsteneste.

Om denne vegleiaren fungerer for deg så send meg gjerne ein link til din kreasjon, eg er å finne på FaceBook. Lykke til 🙂

DEL/SKRIV UT DENNE ARTIKKELEN:

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email
Scroll to Top